20 oktober @ 18:00 – 19:00: Alta bibliotek inviterer til foredrag i samarbeid med Folkeakademiet Hålogaland. Då Nord-Troms og Finnmark vart tvangsevakuert i 1944 -1945, skulle landet gjerast folketomt. Det vart ein humanitær katastrofe. Fleirtalet var barnefamiliar. Sjuke og gamle vart frakta med. Epidemiar spreidde seg. Folk prøvde å halde saman, og hjelpeapparatet som vart oppretta langs ruta, bidrog til at dei fleste overlevde. Boka “Tvangsevakueringa” bygg på lokalhistorisk litteratur, tyske, norske og britiske arkivkjelder og forskning, og er den mest fullstendige og dokumenterte framstillinga av tvangsevakueringa til no.

 

Translate »