Før det blir morgon

Roman  •  Historiske fortellinger  •  13 – 15 år

Før det blir morgon : roman

Aina Basso
Først utgitt:2025

Lån boka

Tilgjengelig på nynorsk:

Anbefaling fra et annet bibliotek

Urovekkjande og truverdig tidsbilete av 1700-talets bondeesamfunn prega av skam og overtru

Historisk forteljing om den 15- år gamle jenta Josefa som skal i teneste på garden Li. Sterkt om ei ungjente si lagnad i det norske bondesamfunnet på 1700-talet, prega av skam, overtru og klasseskilje.

Historisk forteljing om den 15- år gamle jenta Josefa som skal i teneste på garden Li. Sterkt om ei ungjente si lagnad i det norske bondesamfunnet på 1700-talet, prega av skam, overtru og klasseskilje.

Om boka

  • Tenåringsjenter
  • Norge
  • 1700-tallet
Historisk roman om skam, urett og overtru. Josefa er femten år gammal då faren ror henne over fjorden for å gå i teneste på storgarden Li. Trass i saknet etter familien trivst Josefa blant tenestefolka på garden, og særleg Sara blir ein nær ven. Men alt er ikkje like fint som det verkar, på Li, og snart får Josefa erfare kva det er som ligg og ulmar under overflata. Før det blir morgon handlar om å vere ei ung jente i Noreg på 1700-talet. Aina Basso skildrar historia på ein sanseleg og truverdig måte. Det er noko tidlaust over måten ho skriv om kjenslene, tankane og draumane til Josefa på. Samstundes viser ho fram ein røyndom der dei fleste menneske var prisgitt overmakta. Roman for ungdomstrinnet.

Utgaver